Naturen, Dyra og Eg

VISJON

"Gode kvardagsopplevingar som gir læring for livet!"

Våre fremste verkemiddel skal være naturen, dyra/gardsdrifta og utvikling av eit positivt sjølvbilete. Utifrå denne visjonen har vi utvikla slagordet," Naturen, dyra og eg". Visjonen skal, i tillegg til Rammeplan, barnehagelova og anna overordna regelverk, ligge til grunn når vi utarbeidar planar for innhald og aktivitetar. Visjonen skal prege innhaldet i barnehagen.

Naturen

Gardstunet Barnehage ligg landleg til med unike høve for varierte turopplevingar. Born skal få høve til ulike opplevingar utifrå alder og personlege føresetnadar. Vi skal leggje til rette for at alle born opplever glede og mestring i naturen, og at dei får ei gryande forståing for samspelet mellom menneske og natur.

Dyra

Vi ønskjer å tilby ein litt annleis barnehage, der born får bli kjent med livet på garden gjennom ulike årstider. Borna får oppleve direkte kontakt med dyra og elles ha høve til å delta i ulike gjeremål på garden. Vi har også dyr inne i barnehagen og borna skal få være delaktiv i stell og omsorg. I fjøsen har vi hestar, sauer, høner, grisar, kaninar og i barnehagen har vi chinchilla, marsvin og høner. Innimellom tek vi imot dyr som må omplasserast. Ved å ta del i det som skjer på garden året rundt har borna eit unikt høve til å tileigne seg kunnskap om dei store spørsmål om liv og død. Born får oppleve at dyr blir fødde, at dyr døyr naturleg, men og at nokre dyr vert slakta og blir til mat. Dette dannar ofte grunnlag for filosofiske spørsmål omkring liv og død.

Det er ikkje berre dyr som er spesielt på ein gard. Det er stadig store maskiner og traktorar som fangar merksemda. Vi har eigen firhjuling som borna får sitte på med, og innimellom får dei seg ein tur i traktoren.

Eg

Barn møter barnehagen med ulike føresetnadar og vi skal leggje til rette for at alle born opplever støtte og utfordringar. Det å føle seg trygg og velkomen er grunnlaget for vidare utvikling og trivsel i barnehagen. Kvart born skal oppleve at dei sjølve og alle i gruppa er viktige for fellesskapen og vi skal hjelpe born å utvikle eit positivt sjølvbilete. Vi skal aktivt arbeide for å skape gode relasjonar mellom vaksne og born, og borna imellom.

Vi er opptekne av å ta borna sitt perspektiv og vi vil gi born høve til medråderett og medverknad. 

I Gardstunet er vi og mange ulike vaksne med ulik kompetanse, røynsler og bakgrunn. For å skape kvalitet for born, foreldre og personalet, er det viktig med vaksne som trives på jobb. Personalet skal bli sett, hørt og medverke i eigen kvardag. Alle skal arbeide for å ha eit godt arbeidsmiljø og det skal være høve til fagleg utvikling.