Vedtekter


 

 

VEDTEKTER FOR GARDSTUNET BARNEHAGE A/S.

 

Revidert 20.01.15

Eigarforhold :

Gardstunet Barnehage A/S er eige av Eva og Kristofer Lie.

Satsingsområde:

Gardstunet er ein miljøtilpassa barnehage med tilknyting til dyr og jordbruk. I Gardstunet vil vi ta vare på den gamle kulturen, oppleve nærmiljøet, ha dagleg kontakt med dyr og la borna få kjensla av å vekse opp på ein gard.

Opningstid:

Opningstida er frå klokka 07.00-16.30, måndag - fredag. Barnehagen har kortare opningstid (8-16) i romjula og påska (barnehagen kan vurdere normal opningstid dersom det er 4 – 5 arbeidsdagar i romjula)

Ferie og fridagar:

I løpet av eit barnehageår må alle borna avvikle 4 veker ferie.

I løpet av sommaren (i skuleferien) skal alle barna avvikle minimum tre veker samanhengande ferie. Den 4. veka (5 arbeidsdagar i samanheng) må takast i samband med sommarferien, vinterferie, haustferie, påskeferie eller juleferie (vi følgjer skuleruta til Fjell kommune).Barnehagen held stengt alle heilagdagar, onsdag før skjertorsdag, samt julaftan og nyttårsaftan. Barnehagen vert i tillegg stengt 5 planleggingsdagar i året.

Opptak og vilkår for opptak:

Barnehagen har samordna opptak med kommunen, men eigar har opptaksrett. Gardstunet Barnehage har eit hovudopptak, men kan supplere dersom born sluttar. Vi tildeler heil plass til barn i alderen 0-6 år og tildeling av plassar føregår etter søknad. Dei som ikkje får tilbod om plass, blir ståande på ventelisteGardstunet barnehage prioriterer barn med nedsett funksjonsevne (barnehagelova § 13), barn det er fatta vedtak om etter barnevern lova (1992) og minoritetsbarn. Gardstunet Barnehage har vidare prioritet for barn av tilsette, barn i permisjon, søsken av born i barnehagen, born frå nærmiljøet og ventelistenummer/dato for søknad. Gardstunet Barnehage har aldersinndelte grupper og fødselsdato kan dermed være utslagsgivande av omsyn til gruppesamansetnaden i barnehagen. Gardstunet Barnehage prøvar og å få til ei jamn kjønnsfordeling og kjønn kan dermed være utslagsgjevande dersom borna elles står likt.

Opptaksperiode og oppseiingsfrist:

Reglane for oppseiing gjeld frå og med føresette stadfestar at dei tek imot plassen . Ein kan behalda barnehageplassen fram til skulestart (t.o.m. 14 august det året barnet startar på skulen) eller til foreldra sjølv seier han opp. Gjensidig oppseiingstid er ein månad rekna frå den 01 i kvar månad og oppseiinga skal være skriftleg.

Det kan søkjast om permisjon frå barnehageplassen for minimum 3 månader og maksimum 12 månader. Barnet må ha starta i barnehagen før det kan søkjast permisjon. Oppstart etter permisjonen er over, vert når det er ledig plass i barnehagen.

Barnehageåret går frå 15.august til 15.august. Dersom barnet sluttar etter 30. april, må det likevel betalast ut juni.

Dersom føresette mislegheld betalingsavtalen, vil dette føre til oppseiing av barnehageplassen.

 

Allergi og driftsform:

Gardstunet Barnehage er ein gardsbarnehage med dyr både inne og ute (høner, katt, kanin og andre smådyr) og heile konseptet og drifta er basert på dette. Barnehagen kan ikkje ta omsyn til born med allergi dersom dette medfører at vi må endre vår driftsform. Borna vil dagleg ha mogelegheit til å både sjå, høyra og ta på alle dyra inne i barnehagen og i fjøset.

Dersom barnet får problem med å opphalde seg i Gardstunet Barnehage på grunn av allergi, må foreldra sjølv ta ansvaret for dette, og i samråd med lege avgjere om problemet for barnet er så stort at det må takast ut eventuelt overførast til ein annan barnehage dersom dette er mogeleg.

Betaling:

Betaling skjer forskotsvis den fyrste i kvar månad, 11 månader i året. Eigar fastset reglar og satsar for betaling. Søskenmoderasjon for eit søsken er 30 % for det andre barnet og 50% for barn nummer 3. Ved tildeling av barnehageplass skal det betalast inn eit depositum på 2500 kr. Dette beløpet skal dekke betaling for den siste månaden i oppseiingsperioden.

Barnehagen nyttar autorisert revisor.

For sein henting:

Dersom barnet vert henta for seint vil De få skriftleg brev om fyrste gangen, og 300 kr i bot per barn per på begynt halvtime neste gang.

 

Leike – og opphaldsareal pr. barn:

Gardstunet Barnehage har eit totalt fastsett areal på 308 m2.

Leike og opphaldsareal er fastsett til 4 m2 pr. barn over 3 år. og 5,5 m2 under 3 år.

Internkontroll:

Barnehagen har ein internkontroll som sikrar kontinuerleg arbeid med helse, miljø og tryggleik.

Samarbeid med kommunen:

Barnehagen driv i nært samarbeid med kommunen, m.a. tek personal og eigar del i ulike møter og kompetansetiltak som kommunen skipar til.  

Forsikring:

Barnehagen har teikna ulykkesforsikring for alle born som har plass i Gardstunet Barnehage.

Forsikringa gjeld heile døgnet og omfattar ulykkes skadar som forsikra barn kan bli ramma av og som medfører varig medisinsk invaliditet eller dødsfall.

Forsikringa opphøyrer den dagen barnet ikkje lenger har plass i barnehagen.