De utrolige Årene

De utrolige årene er eit program for å styrkje born sin sosiale, emosjonelle og akademiske kompetanse og å forebyggje negativ/utfordrande atferd hos born.

De Utrolige Årene

Som ein av dei føste barnehagane i landet, starta vi opplæring av personalet i 2007. Sidan den gang har vi kursa personalet jamleg, og har utarbeida eit eige opplæringshefte for nytilsette. De utrolige Årene er utvikla av Carolyn Webster Stratton.

Ved sida av heimen, er barnehagen den viktigste sosiale arena og læringsarena. Foreldre har ansvar for oppseding, men i kraft av den tida barnet oppheld seg i barnehagen, bidreg vi sterkt i denne prosessen. Eit godt samarbeid med foreldre er dermed av stor betydning. Rammeplan for barnehagen har bytta ut begrepet oppseding med ordet danning. " Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og væremåtar. Daning er meir enn utvikling, meir enn læring, meir enn omsorg, meir enn oppseding og meir en sosialiserig. Samtidig rommar det alt dette" (Rammeplan s. 15).

De utrolige Årene er vår pedagogiske plattform og "arbeidsmåte" for å fremme danning og styrke born sin sosiale kompetanse. De Utrolige Årene har og eigne foreldrekurs. Om du ønskjer informasjon om dette, kan du kontakte barnehagen, eller Fjell Kommune. Vi låner ut teoribøker til foreldre som er interessert å lese mer om foreldrerollen.

Prinsipp i De utrolige Årene

  • Godt foreldresamarbeid
  • Relasjonsbygging: ein vaksen-barn relsjon som er bygd på tillit, forståing, omsorg, anerkjenning og respekt.
  • Proaktive vaksne: vi skaper et forutsigbart og trygt lærigsmijø
  • Merksemd, oppmuntring og ros (coaching): jamleg oppmuntring og ros bygger opp borna sin sjølvrespekt
  • Bruk av belønning for å motivere (eks. klistermerker)
  • Grensesettingsstrategiar - å takle negativ atferd (avledning, ignorering, positiv verbal omdirigering. påminningar, samkjørte konsekvenser i barnehagen)
  • Problemløsning

Dinosaurskulen

Dinosaurskule/Dinoskule er eit opplegg for førskuleborn. Ein føresetnad for å kunne drive Dinosaurskulen er at tilsette har gjennomført kurset "de utrolige årene". Ein av våre pedagogar har i tillegg sertifisert seg. Programmet byggjer på grundig utprøving i fleire land og på grundig forsking utført i USA og Wales.

Målet med Dinosaurusskulen er å styrke born sin emosjonelle og sosiale kompetanse, samt styrke borna sitt sjølvbilete og oppleving av mestring.

Born øver på å gjenkjenne kjensler og forstå kjensler hos seg sjølv og andre, ta andre sit perspektiv, utvikle evner i forhold til problemløysing og handtering av konfliktar, samt sinnemeistring og sjølvkontroll. Borna øver og på sosiale ferdigheiter som å lytte, vente på tur, bli einig, stille spørsmål, dele, hjelpe, samarbeide og gi kvarandre kompliment

Gjennomføring
Dinosaurskulen i barnehagen består av 60 samlingar der kvar samling varer 45 -40 minutt inkludert smågruppeaktivitet. Ein øver på ulike tema ved bruk av store handdokker (Willy og Dina Dinosaur samt fleire ), samtale omkring videovignettar, rollespel og ulike aktivitetar knytte til tema. Borna får oppgåver "lekser" som dei skal gjere saman med foreldre. Programmet legg opp til eit nært samarbeid med foreldre, og det vert jamleg sendt heim informasjon om dei ulike temaene på Dinosaurusskulen.