Fysisk aktivitet

Vi lever i eit samfunn der ein i dag stiller mindre krav til fysisk aktivitet enn tidlegare. Det er imidlertid utført få studiar av aktivitetsvanane til førskuleborn, men ein ser at det er ein samanheng mellom fysisk aktivitet i barndomen og fysisk aktivitet i vaksen alder. Amerikanske studiar viser og at fysisk aktivtetsgard av born i alderen 3-5 år er avhengig av kva barnehage barnet går i. (ref. Aktivitetshandboka, Helsedirektoratet)

Vi kan påvirke!

I Gardstunet Barnehage har fysisk aktivitet ein stor plass, og er i tillegg til sosial kompetanse vårt satsingsområde. Fokus på kropp og rørsle er ein integrert del i barnehagen sin kvardag. Gjennom å bruke naturen og nærmiljøet kan vi gi borna variert fysisk aktivitet og allsidige opplevingar og erfaringar.Vi ønskjer å bidra til at born utviklar positive haldningar til natur og friluftsliv allereie frå småbarnsalder.

Borna sine individuelle førsetnadar og utvikling er grunnleggjande for planlegging og tilrettelegging av aktivitetar. Vi legg vekt på utfordring, glede og meistring, og når det gjeld motoriske dugleikar vektlegg vi forsøk, innsats og oppleving!